top of page

Me er diverre utseld for heftet, men det kan kjøpast i nettbutikken til Norges Husflidslag.

 

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a. løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har historiske røter 3000-4000 år attende i tid. Grindbygg krev lite grunnarbeid og gjev ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit raskt og fleksibelt byggjesystem. Huset vert reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg. Heftet gjev ei innføring i grindbygget si historie og grunnleggjande byggeteknikk.

Grindbygghefte

SKU: 632835642834572
kr180,00Pris
  • Porto og ekspedisjon à kr 30,- er inkludert i prisen.

bottom of page