Fagstudium og korte kurs
Restaureringsoppdrag
Handlingsboren kunnskap
Vestnorsk kulturarv

BYGNINGSVERNSENTERET VOSS/HARDANGER
Restaureringsoppdrag
Råd om bygningsvern
Kurs i tradisjonelt handverk
Vestnorsk kulturakademi:
Vestnorsk kulturakademi (VKA) på Voss er eit undervisningssenter på universitet/høgskulenivå, og har som hovudmål å ta vare på, formidla og vidareutvikla erfaringskunnskapen som ligg i den vestnorske kulturarven. Vi tilbyr etter- og vidareutdanning, og kortare kurs, i ulike handverks- og byggeteknikkar.
Kulturakademiet er òg eit regionalt senter for kulturbasert næringsutvikling basert på handlingsboren kunnskap. Bygningsvernsenteret (BVS) ved VKA tek på seg oppdrag innan restaurering av bygg med kulturhistorisk verdi.
Kursa våre er støtta av Norsk Kulturminnefond og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Driv du med snikring, treskjering, veving eller anna handarbeid?
Ynskjer du å leige lokale til eit hyggjeleg lag?
I dei trivelege lokala våre på Tvildemoen kan du leige plass på Trebua eller i Vevstova, alt etter kva som interesser deg.
Vi har eit klasserom med framviserutstyr og trådlaust nett, eit fullt utstyrt kjøken som kan leigast til smalahovelag, konfirmasjonar, elevkveldar og andre samkome, og eit bakstehus med vedfyrt omn og røykjekasse.
På Trebua har vi høvelbenkar, ein del felles verkty og eit maskinrom, som du kan bruke i tillegg til det verktyet du sjølv har. I Vevstova har vi eit rikt utval av vevar i ulike storleikar. Her kan du snikre eller veva saman med andre, og få gode tips frå andre som driv med det same. Husflidslaget arrangerer kurs i lokala våre, og her samlast grupper som driv med mellom anna kvitsaum og knipling. VKA og BVS arrangerer òg jamnleg kurs i ulike handarbeids- og handverksteknikkar.
Ta kontakt dersom det er noko du ynskjer å lære - men òg dersom du kan noko innan handarbeid eller handverk, og tenkjer på å bli med i ei gruppe eller lære frå deg det du kan på eit kurs!