top of page

Om Vestnorsk kulturakademi   

Tilsette

atle_ove_martinussen_c_privat_edited.png

Atle Ove Martinussen er dagleg leiar for Vestnork kulturakademi. Han er utdanna historiker ved Universitetet i Bergen, og har lang erfaring frå museer og kulturminnevern i Norge og i utlandet. Han var direktør ved Museumssenteret i Hordaland i ei årrekkje, og har tidlegare arbeidd ved Norsk håndverksinstitutt, no ein del av Lillehammer museum.

Martinussen har skrive fleire artiklar om immateriell kulturarv, overføring av tradisjonell handbåren kunnskap, innovasjon og teknologi i norske og internasjonale tidsskrift. Han har gjennom sitt arbeid hatt særleg fokus på overføring av handverksdugleik og immateriell kulturarv, med vekt på utvikling og verdiskaping. Martinussen er redaktør for boka Oppstadveven.

Historie og visjon

 

Initiativet til opprettinga av Vestnorsk kulturakademi (VKA) vart teken av den dåverande Høgskulenemda i Voss kommune hausten 1992. Hausten 1996 kom det første fagstudiet i gang. Frå 2001 vart akademiet ei stifting. Stiftarane er Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Husflidslag, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen. Stiftarane utgjer styret. For tida er det Hordaland Fylkeskommune sin representant som er styreleiar. 

 

Hovudaktiviteten ved VKA er konsentrert om etter- og videreutdanning. Denne er retta inn mot kulturbasert næringsutvikling og byggjer på konseptet om handlingsboren kunnskap. På det faglege plan vert det samarbeidd med Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. I alt seks ulike fag har vore tilbode gjennom åra. Med opprettinga av Bygningsvernsenteret er istandsetting og vedlikehald av freda og verneverdige bygningar no vorte VKA sin andre hovudaktivitet, saman med kurs i restaurering knytt til byggjeplassane. 

 

Vi ynskjer å vidareutvikle både kursverksemda og studietilbodet ved VKA innanfor etter- og vidareutdanning knytt til dei tre fagområda våre som er tekstilkultur, byggeskikk og matkultur, og vi er i gang med å utvikle ei erfaringsbasert masterutdanning knytt til faga VKA tilbyr i dag. Vi held på med ei omfattande opprustning av verkstadbygga våre, slik at VKA kan framstå som eit ressurssenter for immateriell kultur, handlingsboren kunnskap og kulturbasert næringsutvikling overfor så vel lokale som regionale samarbeidspartnarar.

bottom of page