top of page

Kurs i grindbygging 22.- 25. oktober 2020    

Grindbygg krev lite grunnarbeid og gjev ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit raskt og fleksibelt byggjesystem. Huset vert reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg. Lær deg den tradisjonelle byggemetoden saman med instruktør og andre likesinna på Vestnorsk kulturakademi (VKA). 

​

Kursavgift

Kurset kostar kr. 3.900,-. inkluderer kaffi og det meste av verktøy; du bør ta med deg niste og høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. 

​

Dato

  •      Torsdag,  22. oktober          16.30 – 20.30

  •      Fredag,    23. oktober          16.30 – 20.30

  •      Laurdag,  24. oktober          09.00 – 16.00

  •      Sundag,   25. oktober          09.00 – 16.00     

​

Stad

Kurset held til på Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen, Voss. Du møter opp på Vestnorsk kulturakademi (VKA) i Magasinvegen 26.

​

Innhald

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a.  løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har historiske røter 3000 - 4000 år attende i tid. På kursa vil du lære å planleggja og setje opp eit grindbygg, og kursdeltakarane får òg ferdigstilla eit nesten ferdig grindbygg, slik at ein får fylgje heile prosessen frå a til å

​

Kurslengde

22 timar fordelt på ei langhelg, frå torsdag til sundag. 

​

Kursleiar

Instruktør på dette kurset er Lars Ingvald Folkedal.

​

Påmelding

 

Kurset er fullteikna.

​

Kursvilkår

Kurset vert gjennomført om det er 8 eller fleire deltakarar. Du får melding om kurset vert køyrt eller ikkje; ei veke før kursstart. Innbetaling av kurset skjer på førehand, og seinast ei veke på førehand. Avlyser du kurset etter den tid, betalar du full kursavgift.

​

​

​

© 2015-2020 Vestnorsk kulturakademi - skapt på Wix.com

Vestnorsk kulturakademi 

Telefon: 903 68 990

​

E-post: post@kulturakademi.no

​

Trefftid etter avtale.

bottom of page