top of page
Byggeskikk i praksis
Kurs innan byggfag 

Korte kurs:

Byggeskikk i praksis

VKA har i fleire år tilbudt studiet "Byggeskikk i praksis" i samarbeid med Universitetet i Bergen, organisert som to vidareutdanningsemne, kvart på 15 studiepoeng, og lagt opp slik at det kan kombinerast med det å vera i arbeid.

 

Faget gjev ei innføring i ulike variantar av vestnorsk byggeskikk og i normene for bygningsvern som er gjeldande innanfor kulturminnevernet. Vidare vert det formidla praktisk dugleik i relevante handverksteknikkar. 

 

Grunna vedtak gjort av NOKUT er byggfaget mellombels sett på vent, og vi arbeider med å avklara korleis det skal vidareførast. Vi håpar at studiet kan verte sett opp att.

Grindbygg

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som framleis er aktuell for m.a. løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har historiske røter 3000-4000 år attende i tid. Grindbygg krev lite grunnarbeid og gjev ikkje varige inngrep i naturen. Huset vert reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg.

Bruk av handverkty

Før maskinene si tid vart alt arbeid gjort for hand. Handverkarar laga eller fekk laga eigne verkty, spesielt innretta for den oppgåva som stod for tur. Med godt handverkty og godt handlag kan ein jobbe like raskt og nøyaktig som med mykje moderne verkty. 

Materialkunnskap

Sjølv sponet fortel ei heil historie til dei som kan lese ho... Korleis oppfører trevirket seg? Kva slag emne er det snakk om? Kva for verkty har vore i bruk, og er verktyet justert rett? Er det brukt med eit godt handlag?

Arbeidsstove og verkstadplass

Trebua vår vert brukt til arbeidsstove for born, i regi av Husflidslaget. På opne dagar kan små og store også prøve verkty og kjenne gleda ved å forma noko fint i tre. 

Det er mogeleg å leige heil eller halv plass på Trebua. Her er det høvelbenk og maskiner, og du kan ha hyggelege dagar med andre som deler interessa for snikring og trearbeid. Ta kontakt for prisar og info. 

bottom of page