Tekstilkultur
Tekstilkulturstudiet er ei utdanning i tekstilfag på høgskulenivå. Studiet gjev ei oversikt over det omfattande tekstilfaget ved å ta for seg både grunnleggjande og sentrale felt og meir spesifikke område, og set tekstilfaget inn i ein stor kulturell samanheng. Studiet omhandlar tekstilar til klede, innreiing og anna bruk. Ein vil få innføring i ulike tekstile materialar, teknikkar og samanhengen mellom materialval, teknikk, etterbehandling og bruksområde, og i tilllegg vert det førelese i den kulturhistoriske utviklinga i faget.
Fagansvarleg for tekstilfaga er Lise Finne, som er høgskulelektor ved Kunst og designhøyskolen i Bergen. I tillegg til fagansvarleg vert det henta inn gjesteførelesarar med spisskompetanse innan dei tema som står på dagsorden. På kvart einskild fagområde vert det gitt ei oversikt over feltet, ei kort historikk og fordjuping i sentrale emne, før ein til slutt setjer det som vert presentert inn i ein større samanheng.
Studiestad er Vestnorsk Kulturakademi sine lokale på Tvildemoen på Voss, når ikkje anna er presisert i programmet. Det vert ekskursjonar til aktuelle fagmiljø på Vestlandet, som museum og industribedrifter. Studiet passer for lærarar, museumstilsette og andre som jobbar med kultur - men like mykje for deg som vil starte eiga verksemd eller utvikle ein kjær hobby. Krav til forkunnskapar er generell studiekompetanse og/eller realkompetanse.
Prisen på kvart semester av tekstilkulturfaget er kr. 10 000. Utgifter til bøker og litteratur kjem i tillegg. Det må også påreknast kostnader knytta til reise og eventuelt opphald og mat i samband med samlingane. Me oppmodar den einskilde å søkje arbeidsgivar om å få dekka studieavgifta. Fagorganisasjonar tilbyr også stønad til vidareutdanning som medlemar kan søkje om. I tillegg kan ein søkje lån og stipend hjå Statens lånekasse for utdanning. Fag med studieavgift gir høgare lånesats enn ordinære studium.
Samlingane på Tekstilkultur 2 hausten 2016 er 25.-26. august, 15.-16. september, 6.-7. oktober, 3.-4. november, og 24.-25. november. Innleveringsfrist for semesteroppgåva vert onsdag 7. desember, med munnleg eksamen onsdag 11. januar 2017.
For å melde deg på kan du "kjøpe" faget Tekstilkultur 2 i nettbutikken her på denne sida. Studieavgifta vert fakturert når faget har starta.
Sjå her for meir info:
Tekstilkultur 1 og 2
Studiet Tekstilkultur 1 legg vekt på innføring i materialar og teknikkar. Presentasjon av ulike teknikkar og marerialar omfatter korte praktiske demonstrasjonar, saman med historikk. Dette vert sett inn i ein kulturell samanheng og drøfta. Studiet går over 5 samlinger og vert avslutta med ein 6 timars skriftleg eksamen.
Emne: Introduksjon, oversikt over fagfeltet, kulturvitenskaplege metodar. Grunnleggjande kunnskap i tekstil materiallære, tekstile teknikkar og konstruksjon; råstoff, fiber, eigenskapar, toving av ull, spinning, tvinning, tråkonsturksjon, repslaging, flette- og knyteteknikkar, strikking, saum, broderi, veving. Etterbehandling av tekstilar; Farging, trykking, etterbehandlingsmetodar.
På Tekstilkultur 2 legg vi vekt på tekstilar i eit kulturhistorisk perspektiv. Gjennom fem samlinger vert det arbeidd med kva tekstilane tyder i eit overordna kulturhistorisk perspektiv. Ved kvar samling vert det også sett av tid til igangsetting og rettleiing av semesteroppgåva. Oppgåva skal ha ein teoretisk og ein praktisk del, omhandle eit sjølvvalt tema, og til slutt forsvarast munnleg.
Emne: Introduksjon, oversikt, igangsetting av arbeid med semesteroppgåva. Konstruksjon, fusjon i forhold til krav ved bruk og vedlikehald. Berekraftig forbruk. Den tekstile kulturarven, opphav, handel, organisering, kunst- og kulturhistorie. Mønster, fargar, tektilitet, form og dimensjonsproblematikk. Tekstilterminologi, analyse, registrering, kompetansemiljø, konservering og bevaring.
Tekstilkultur 3
Tradisjonsberarane innan tekstilfaget er den viktigaste kunnskapskjelda i dette tredje semesteret, og kvar student vil vere knytt opp mot ein tradisjonsberar i høve sitt fagområde. Den praktiske delen og dokumentasjonen av denne vil vera hovudfokuset. Vi planlegg å ta i bruk musea i Hordaland, ressursane som er knytt til desse, og samlingane deira, i eit langsiktig samarbeid med Museumssenteret i Hordaland.
Hausten 2016 er det tenkt at faget Tekstilkultur 3 skal gå som forprosjekt med to studentar, i eit samarbeid mellom VKA, Høgskolen i Bergen, Osterøy museum og Museumssenteret i Hordaland. Etter at studentar har teke faga Tekstilkultur 1 og 2 gjennom fleire år ser vi at det er både ynskje om og behov for å oppretta eit tredje semester innan tekstilfaget. Mange tekstile handverksteknikkar står i fare for å bli utrydda. Vi ynskjer at studentane skal få gå i djupna på teknikkane og bidra til å sikra denne kunnskapen for framtida.
Kortare kurs og verkstadplass
VKA har òg tilbod om kortare kurs innan tekstil. I tillegg er det omfattande dagleg verksemd på verkstadene til VKA, i regi av m.a. Husflidslaget og Bygdekvinnelaget. Her kan ein både gå på kurs, få opplæring og rettleiing, og leiga seg inn på verkstadane våre.
Saman med kulturverkstaden Magasinet, Husflidslaget og Bygdekvinnelaget arrangerer vi opne dagar, og det er etablert samarbeid med ei rekkje andre lag og institusjonar, både lokalt og regionalt.