top of page

Kurs 

Kurs og aktivitetar vi har sett opp dei siste åra:

  • Vinter i Veven

  • Skimaking (februar)

  • Grindbygg (april/ mai)

  • Spinning

  • Naturvin

  • Fermentering i samarbeid med Voss hagelag (august)

  • Partering av slakt (oktober)

  • Lefse (november). NB! Gratis for medlem i Husflidslaga på Vestlandet.

Nokre tidlegare kurs:

Kurset tek føre seg partering av slakt av gris. Men parteringa vil vere lik partering andre typar slakt.

Målet med kurset er å gje kursdeltakarane kunnskap om partering av slakt, med gjennomgang av parteringsteknikkar, hygiene og oppbevaring av dei einskilde delane på dyret.

Kursavgift

Kurset kostar kr. 1.900,-. I denne prisen ligg og kjøt, og du kan få med deg ca. 8 kilo heim. Deltakarane delar kjøtet seg i mellom.

 

Maks 10 deltakarar.

Dato

Laurdag 9. desember frå kl. 10.00 til kl. 17.00

Stad

Kjøkenet til Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen, grønt hus ved sida av det gule administrasjonsbygget i Magasinvegen 26.

Innhald

  • Slakting av dyr, oppbevaring og førebuing til partering

  • Partering med prekevering av kjøtdelar

  • Røyking, tørking og salting.

  • Tilreiing av kjøtet.

  • Hygiene.

Kurslengde

Kurset går laurdag 9. desember frå 10.00 til 17.00. Me serverar kaffi og te, men ta med nista til lunsj.

Kursleiar

Kursleiar Vestnorsk kulturakademi.

Påmelding

Klikk på Nettbutikk​ og finn kurset der for å melda deg på kurset. Vel kurset og legg det i handlekorga, så betalar du for kurset. Du kan og senda ein e-post med påmelding til post@kulturakademi.no.

Kursvilkår

Kurset vert gjennomført om det er 6 eller fleire deltakarar, maks 10. Du får melding om kurset vert køyrt eller ikkje ei veka før kurset startar. Om kurset ikkje vert halde får du kursavgifta attende. Om du avlyser kurset innan ei veke før kursstart får du attende kursavgifta. Avløysar du kurset mindre en ei veke før kursstart, må du betale full kursavgift. Du kan finna ein annan deltakar i staden for deg sjølv for å ikkje tapa kursavgifta. Innbetaling av kurset skjer før kursstart.

Kurs i partering av slakt 9. desember 2017

Kurs i baking av nordlandslefse 16. desember 2017

Referanse: torildsmat.blogspot.com

Kurset tek føre seg baking av nordlandslefse.

 

Målet med kurset er å gje kursdeltakarane kunnskap i baking av nordlandslefse, oppskrift og deig, samt steiking. Me kjem og inn på hygiene.

Kursavgift

Kurset kostar kr. 1.250,-. I denne prisen ligg alle ingrediensar som nyttast, og du kan få med deg nokre lefser heim. Deltakarane delar lefsene seg i mellom.

 

Maks 10 deltakarar.

Dato

Laurdag 16. desember frå kl. 10.00 til kl. 15.00

Stad

Kjøkenet til Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen, grønt hus ved sida av det gule administrasjonsbygget i Magasinvegen 26.

Innhald

  • Laging av deig

  • Kjevling av lefsa

  • Steiking

  • Klining

  • Innpakking og oppbevaring

Kurslengde

Kurset går laurdag 16. desember frå 10.00 til 15.00. Me serverar kaffi og te, men ta med niste til lunsj.

Kursleiar

Kursleiar er Bodil Grov Eilertsen, ekspert i baking av nordlandslefsa.

Påmelding

Klikk på Nettbutikk og finn kurset der for å melda deg på kurset. Vel kurset og legg det i handlekorga, så betalar du for kurset. Du kan og senda ein e-post med påmelding til post@kulturakademi.no.

Kursvilkår

Kurset vert gjennomført om det er 6 eller fleire deltakarar, maks 10. Du får melding om kurset vert køyrt eller ikkje ei veka før kurset startar. Om kurset ikkje vert halde får du kursavgifta attende. Om du avlyser kurset innan ei veke før kursstart får du attende kursavgifta. Melder du deg av kurset mindre en 2 dagar før kursstart, må du betale full kursavgift. Du kan finna ein annan deltakar i staden for deg sjølv for å ikkje tapa kursavgifta. Innbetaling av kurset skjer før kursstart.

Kurs i grindbygging 26.-28. mai 2017

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a.

løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har

historiske røter 3000-4000 år attende i tid.

 

Grindbygg krev lite grunnarbeid og gjev ikkje varige inngrep i naturen. Det er

eit raskt og fleksibelt byggjesystem. Huset vert reist på ein dag, og du får eit

bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om

ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg.

 

Instruktør på desse grindbyggkursa er Trond Herfindal. På kursa vil du lære å planleggja og setje opp eit grindbygg, og kursdeltakarane får òg ferdigstilla eit nesten ferdig grindbygg, slik at ein får fylgje heile prosessen frå a til å.

 

Våren 2017 har vi sett opp eitt kurs, 26.-28. mai, med desse klokkesletta:

 

  • Fredag             1000 - 1700  (Evt start-slutt noko seinare)

  • Laurdag           0900 - 1600

  • Sundag            0900 - 1600

 

Kursavgifta på kr. 3500,- inkluderer kaffi og det meste av verktøy; du bør ta med deg niste og høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Påmelding her via nettsida, i nettbutikken. Grindbyggkursa vert ofte fort fulltegna, så det er lurt å vere rask med påmelding. Påmeldingsfrist 19. mai. 

Strikkekurs: topp – opp / tå - opp

Vottar og sokkar kan strikkast frå topp eller tå og avsluttast med mansjett eller

bråt.

 

Fredag 9. juni kl.17.30 – 20.30 og laurdag 10. juni kl. 09.00 – 15.00 2106

Forslag til progresjon vert gjeve ved kursstart og dekkjer grunnleggjande tekniske

detaljar:

Oppskrift på fleire typar tå/topp-opplegg og avfellingar og ein artig sokkehel som kan

strikkast begge vegar.

Kurshaldar er Kristi Nilsen.
Pris for kurset: kr. 1250,- Påmelding i nettbutikken.

På dette kurset er det berre 10 plassar ~ 100 kr rabatt ved påmelding før 20. mai!

Påmeldingsfrist 1. juni.

 

Ta med strømpepinnar 2,5  - 3 eller 3,5mm og høveleg ullgarn til pinnane. Dersom du vil læra fleire oppleggsmåtar enn ein, kan du ta med fleire sett med strømpepinnar. Du kan også få kjøpa garn på kurset til øvingsarbeidet. Kurslærar Kristi Nilsen tar med kompendium med grunnoppskrifter, forutan litteratur og forslag til modellar du kan arbeida vidare med etter kurset.

Kurs i tvebandstrikk

Tvebandstrikk er å strikka med to trådar samstundes, ved

å strikka annakvar maske med sin eigen tråd og samstundes

slynga trådane om kvarandre på baksida.

 

Tveband er ein gamal strikketeknikk som er brukt m.a. på

sjonaleistar frå Voss og Hardanger, men også som

oppleggskant på Fanatrøyer. Teknikken er veleigna til

vottar, sokkar og huer og gjev varme og slitesterke plagg.

 

Fredag 12. mai kl. 17.30 – 20.30 og laurdag 13. mai kl. 09.00 – 15.00 2016

Progresjon vert avtalt ved kursstart, og dekkjer grunnleggjande tekniske detaljar:

Oppskrift på opplegg, fleirfargestrikk og mønsterkrus i ein farge. Dette kan praktiserast på den vesle øvingsvotten.

 

Kurshaldar er Kristi Nilsen.
Pris for kurset: kr. 1250,- Påmelding i nettbutikken.

På dette kurset er det berre 10 plassar ~ 100 kr rabatt ved påmelding før 1. mai!

Påmeldingsfrist 5. mai.

 

 

Ta med strømpepinnar 3 eller 3,5mm og høveleg ullgarn til pinnane: bunnfarge og ein kontrastfarge. Dersom du vil læra fleire oppleggsmåtar enn ein, kan du ta med fleire sett med strømpepinnar. Du kan også kjøpa garn på kurset til øvingsarbeidet. Kurslærar tar med litteratur og forslag til vottemodellar du kan arbeida vidare med etter kurset.

Vidaregåande kurs i spinning

 

Kurset er for deg som kan spinna ein samanhengjande tråd frå før. Nybyrjarar kan også melda seg på. Arrangør og kurshaldar vil då avgjere om det vert sett opp eit eige kurs for dette nivået på eit anna tidspunkt. Progresjon vert tilpassa den einskilde, og nøyaktig program avtalast ved kursstart.

Tid: fredag 5. mai kl 17:30 – 20.30 og laurdag 6. mai kl 9 – 15

  • Hovudvekt på ullpreparering:

    • Kamming

    • Karding

    • Kardemaskin

    • Børsting/flikking

    • Hekle

    • blandebrett

  • Spinneteknikkar på rokk og handtein

  • Tvinning

  • Kjedetvinning på rokk

 

 

Ta med om du har, eller kan låna:

Handtein, rokk, ullkammar og handtein.

På kurset kan du kjøpa:
Handtein 1 – norsk modell, pris kr. 130,-  

Handtein 2 – norsk modell, pris kr. 250,-
Ullpose  kr. 50,- klar til bruk (vaska, ymse sauerasar).

Farga merionotopp etter vekt.
Dette betalast  kontant til kurshaldar.



Kurshaldar er Kristi Nilsen – som har med ull, handteiner og ein del reiskap som vi deler på.

Pris for kurset: kr. 1250,- Påmelding i nettbutikken.

På dette kurset er det berre 10 plassar ~ 100 kr rabatt ved påmelding før 19. april!

Påmeldingsfrist 1. mai. 

KAPPMURING PÅ NES!


Vi inviterar tørrmurarar til «kappmuring» på Nes i Kvam kommune i Hardanger. Det er fint dersom folk har litt eller mykje røynsle med tørrmuring frå før, men det vert arbeidsoppgåver for alle - også for nybyrjarar som er ivrige etter å læra. Dette vert ei fagleg samling for alle som har noko å gjera med bygging i naturstein.


Kva skal vi mura?

Kvelvbrua på garden Nes er under bygging. Kvelven er ferdig sett, men det er store oppgåver att med m.a. å mura overmuren og murar for tilførsleveg på begge sider. I dette ligg også jobben med å sjå til at steinane i kvelven er godt sikra i bakkant, å «krabba seg inn» på kvelven, å leggja på plass «innmaten» i brua og etter kvart eit leggja eit køyrelag. Til slutt skal det også murast opp ein varemur (steingjerde på sidene). Dette blir ein læringsarena som skal syda av kunnskapsformidling og -utveksling og der både grunnprinsippa for tørrmuring og dei spesifikke krava til ei steinkvelvbru vil stå sentralt. 

 

Kappmuring?

Vi inviterer til «kappmuring» med ein liten glimt i auga. Det er ikkje meininga å gjera så mykje av konkurransemomentet. Det er ikkje spørsmål om «kven som murar mest» - men kanskje best...? Vi er fyrst og fremst ute etter eit fagleg sett godt og solid resultat med god driv i arbeidet, og at alle skal yta sitt beste. Når vi seier «kappleik» i tørrmuring, er det også fordi vi gjerne vil at arbeidet skal gå som ein leik, at vi skal ha det kjekt saman, og at vi har ein god slump leik og spel iblanda arbeidet. Eit fagleg og kulturelt kveldsprogram er under planlegging.


Kor tid skal vi mura?

Hovudsamlinga vert i veke 11/2017, dvs. måndag 13. – laurdag 18. mars. Vi reknar med at det vert trong for arbeid på murane i veka etterpå, og kanskje lenger. Derfor tilbyd vi også spesielt interesserte å hospitera i veka/vekene etterpå. 


Kor lenge?

Vi synest det hadde vore kjekt om folk kunne vera med ei heil veke, men innser at det vert vanskeleg for enkelte. Derfor er det heilt greitt at folk «skriv seg inn» i prosjektet for nokre dagar. Vi legg truleg opp til ein kveld med foredrag, og då hadde det vore greitt om folk prøvde å få med seg den bolken.

 

Hugs at kappmuringa går føre seg i eit storfelt kulturlandskap, medan våren kryp innpå! Garden Nes er eit tun med fleire vakre og forvitnelege bygningar. Han er også eit godt utgangspunkt for flotte turar. 

 

Kurs i kurset!

Erik T. Skretting, som er ein stor kapasitet på bearbeiding av stein og er busett på Jæren, held kurs i kløyving av stein ved kiling. Teorikveld tysdag 14. mars. Praksisutprøving tek vi sikte på onsdag 15. mars. Tørrmurar Jason Hoffman kjem over frå Skottland og vil gje ein presentasjon av tørrmuringa der.

Torsdag 16. mars kl. 1900 kjem Eva Røyrane innom på Nestunet og held lysbildeforedrag for oss. Ho ausar av sitt rike kunnskapstilfang og fotomateriale (fotograf: Oddleiv Apneseth) om steinbygningar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Endå ein grunn til å vera med på "kappmuringa" og ein god grunn til å ta turen innom. Dette vert ope for interesserte. 


Vilkår

Samlinga på Nes er eit tilbod om opplæring med noko attåt. Det vert ikkje kravd deltakaravgift, men folk må kosta reise og eventuell tapt arbeidsforteneste sjølve. Kost og losji i Nestunet vert gratis. 


Påmelding

Erik Aakre: tlf 907 47 453, e-post: bygningsvernsenteret@kulturakademi.no
Kåre Nes: tlf 991 52 195, e-post: post@nestunet.com. 
Haakon Aase: tlf 918 71 129, e-post: haa-aase@online.no. 
Frist: så snart som råd, og helst innan laurdag 4. mars.

Kurs i spinning

 

- for deg som ikkje kan spinna frå før, og for deg som kan, men vil læra meir! 

Fredag 25/11 kl 17:30 – 20.30: Spinneteknikkar, kamming/kamgarn.
Laurdag 26/11 kl 9 – 15: Nøstepinne, tvinning, bruk av hespetre, karding, demonstrasjon av kardemaskin, halvkamgarn, spinneteknikkar, kardegarn, andisk nøsting.

Ta med deg om du har eller kan låna: Handkarder, ullkammar og handtein, eit lite restegarnsnøste, og ein nøstepinn – ein 20 cm lang rundstokk (av type kosteskaft - kjøp i byggevare og puss fri for fliser)

Til sals på kurset:
Handtein – norsk modell, pris ca 130,-
Handtein – norsk modell, pris kr. 250,-
Ullpose – ull til spinning (vaska ull, kjemma ull og ull preparert på kardemaskin) kr. 50,-



Kurslærar: Kristi Nilsen – som har med ull, handteiner og ein del reiskap som vi deler på.

Pris for kurset: kr. 1250,- Påmelding i nettbutikken. På dette kurset er det berre 10 plassar ~ 100 kr rabatt ved påmelding før 1. november!

Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger arrangerer kurs i:

Skifer: uttak, kvalitet og kjenneteikn

Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger arrangerer kurset "Skifer 1" fyrste helga i november. Målet med kurset er å gje ei forståing av korleis skifer vert laga, med tanke på uttak, kvalitet og kjenneteikn. Kursdeltakarane skal i løpet av kurset lære om korleis ein tilverker forskjellige typer skifer og bruksområda som skiferen kan passe for. Kurset er ope for alle, men det er sett ei grense på 15 deltakarar.

Kurset går fredag kveld og laurdag på dagtid, 4. - 5. november, på Helleberget/Løne på Voss.

Fredag kl. 16 - 19: Informasjon om tradisjonar og teknikkar, og omvising på Helleberget

Laurdag kl  9 - 16: Praksis / gjennomføring

Kurshaldar: Jan Olav Grevle

Kursavgift: Kr 3500.-

Det kjem eit oppfylgjingskurs seinare i å leggje skifer. Vi tek atterhald om at kurset kan verte utsett ved for få påmelde. Påmelding til tlf 90747453 eller per epost til bygningsvernsenteret@kulturakademi.no

Grindbygg
Kurs i grindbygging 22.-25. september

 

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a.

løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har

historiske røter 3000-4000 år attende i tid.

 

Grindbygg krev lite grunnarbeid og gjev ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit raskt og fleksibelt byggjesystem. Huset vert reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg.

 

Instruktør på desse grindbyggkursa er Trond Herfindal. På kursa vil du lære å planleggja og setje opp eit grindbygg, og kursdeltakarane får òg ferdigstilla eit nesten ferdig grindbygg, slik at ein får fylgje heile prosessen frå a til å.

 

Hausten 2016 har vi førebels sett opp eitt kurs, 22.-25. september, med desse klokkesletta:

 

  • Torsdag           1630 - 2030

  • Fredag             1630 - 2030

  • Laurdag           0900 - 1600

  • Sundag            0900 - 1600

 

Kursavgifta på kr. 3500,- inkluderer kaffi og det meste av verktøy; du bør ta med deg niste og høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Påmelding her via nettsida, i nettbutikken. Grindbyggkursa vert ofte fort fulltegna, så det er lurt å vere rask med påmelding. 

 

 

Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger arrangerer kurs i:

Neverlosting 

 

Kurset går på dagtid i veke 26, tirsdag-torsdag 28.-30. juni, på Nakka.

Neverlosting er ein gamal tradisjon, der ein samlar never til tekking av tak. På kurset får du ei innføring i korleis ein brukar kniven til å "loste" neveren og korleis ein vel ut den rette kvaliteten. Målet med kurset er å gje ei grunnleggjande forståing innan denne tradisjonsteknikken. Deltakarane må ha gode klede og fottøy, matpakke, drikke, ein god tollekniv, hansker, og eit 16-25 mm tau på 3 meter (Boratau). 

Tysdag: Informasjon om tradisjonen og teknikken, og praktisk øving

Onsdag: Praksis

Torsdag: Praksis

Klokkeslett: 9-16 alle dagane

 

Kurshaldar: Steinar Mølster

Fjellgarden Nakka ligg idyllisk til, høgt og fritt i fjellet på sørsida av Evangervatnet. Frå Storviki ved E16 - mellom Evanger og Bolstadøyri - tek det 20-30 minutt å gå opp i det bratte terrenget. Garden var i drift heilt fram til 70-talet, og er velhalden og overraskande stor - og ikkje minst er utsikta over Evangervatnet og fjella rundt flott!

Det vil seinare koma eit oppfylgjingskurs i nevertekking. Vi tek atterhald om utsetjing dersom forholda ikkje ligg til rette for losting.  Påmelding til tlf 90747453 eller per epost. 

Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger

arrangerer kurs i:

 

 Tilvirking og reising av Vossaløe

 

Kurset går på dagtid i veke 21, 23.-27. mai, med start måndag 23. mai kl 09.00 2016


Målet med kurset er å gje innsikt i denne særeigna konstruksjonen og sammenføyingsmetoden som vi så langt berre har funne på bygg i Vossadistriktet. Dette er ein type bygg med ei oppbygging liknande det vi kjenner som grindverkskonstruksjon eller grindbygg, men med ein del skilnader når det gjeld stavleier og innlaftede beter.


Kurset er ope for alle, men det er berre plass til 12 deltakarar, så her gjeld det å være rask med påmeldinga!

 

Kursinstruktør er Trond Oalann frå Hordaland fylkeskommune                   Kursavgift: 3500,-

 

Kontakt for påmelding:      tlf: 907 47 453           epost: bygningsvernsenteret@kulturakademi.no

 

Kursstad: Hefte Gard, Reppavegen 96, 5710 Skulestadmo

bottom of page