Mat - Entreprenørskap - Regional utvikling (MERU)

 

MERU er eit høgskolestudium (15 studiepoeng) i matkultur, retta mot primærprodusentar, tilsette i næringsmiddelindustrien, lærarar med mat som fag, butikkpersonale, reiselivsinteresserte samt personale knytt til serverings- og overnattingsstader. Studiet vektlegg entreprenørskap og er veleigna for nye etablerarar på matområdet. Deltakarane skal utvikle kompetanse som bidreg til auka kvalitet på forbrukarretta nyskaping av fiskeri- og landbruksprodukt i eit kultur- og næringslivsperspektiv.

 

Deltakarane skal tileigna seg kulturbasert kompetanse innafor ulike matemne. Råvaregrupper vert gjennomgåande tema i semesteret gjennom praksis i foredling og utprøving av produkt. Undervisninga kombinerer praktisk arbeid med ei teoretisk tilnærming til lærestoffet. Deltakarane skal utvikle kompetanse i etablering av eiga verksemd.

 

Sentrale emne:

  • Matkultur (mat og måltider, metodar, teknikkar, økologisk mat)

  • Forbrukarretta produktutvikling (frå råvare til produkt, møte med produsentar og tradisjonsberarar)

  • Kvalitetssikring og hygienen ( av m.a. produkt og arbeidsprosessar)

  • Mat og helse (ernæring og kosthald for ulike grupper)

  • Etablerarkunnskap (m.a. økonomistyring, marknadsføring, nettverksbygging)

 

 

Innvandrarkvinner og mat

 

På dette kurset har det to gonger delteke om lag 10 kvinner frå ulike land og verdsdelar. Deltakerane er ferdige med den første fasen av norskinnlæringa, og målsettinga med kurset er å kombinere språklæring med praktisk opplæring innan matfaget. Kurset har vore gjennomført med 5 samlingar à 3 dagar kvart semester. Samlingane inneheld teori om mat, matkultur, hygiene og arbeidsliv, praktisk arbeid på kjøkkenet, og ekskursjonar til bedrifter innan matsegmentet på Voss.  Prosjektet har vore finansiert av Voss kommune og integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), med Voss kommune som ansvarleg instans og VKA som utførande institusjon.

 

 

© 2015-2020 Vestnorsk kulturakademi - skapt på Wix.com

Vestnorsk kulturakademi 

Telefon: 903 68 990

E-postpost@kulturakademi.no

Trefftid etter avtale.