top of page

Tekst frå Wikipedia:

Grindverk er ein gamal byggeteknikk som i Noreg nå kjennes berre på Vestlandet. Det er alminnelig antatt at denne konstruksjonsteknikken er en videreutvikling av forhistoriske byggemåtar for langhus kor folk og fe budde under eit tak, båre av parstilte, jordgravne stolpar. Arkeologiske undersøkingar har synt stolpehol etter langhus som kan vera over 4000 år gamle. I dag finn vi grindverk i gamle løernaust og uthus.

Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarandre på tvers av lengderetninga av huset. Antalet avheg av lengden på huset. Ei grind består av to stavar som knyttast saman med ein bete (tverrbjelke) og to (eller to par) snedband (skråband). Det vart ikkje nytta spiker, men snedbandene er festet med trenaglar laga i et hardt tremateriale. Over beten, inntil stavene, ligg to stavlegjer som bind huset saman i lengderetninga og støtter taksperra. Knutepunktet mellom stav, bete og stavlegje er utforma slik at alle delane låsast fast saman. Stavane i grindhus er ikkje nedgravd i jord slik som i førhistoriske hus, men står på stein.

Grindkonstruksjon har i nyere tid berre vert brukt til uthus, som ikkje treng oppvarming. Veggane er som regel av bordkledd bindingsverk. Bindingsverket kan vere frittståande utanfor rekken av stavar, eller det kan vere festa til stavane i kvar grind.

bottom of page