top of page

Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger (BVS) restaurerer verneverdige bygningar, og gjev samstundes tilbod om kurs i handverksteknikkar og materialkunnskap.

 

Bygningsvernsenteret set freda og verneverdige bygningar på dagsordenen. Slike bygningar er ein viktig del av kulturarven. Dersom dei forfell eller vert rive, misser kulturlandskapet sitt særpreg og den kulturelle identiteten til lokalsamfunnet vert svekka. Senteret si oppgåve er å sørgje for istandsetting og vedlikehald av desse bygningane slik at dei fortsatt kan fungere som identitetsmarkørar. Skal oppgåva realiserast, treng vi ein revitalisering og praktisering av handlingsboren kunnskap; dette gjer vi gjennom å utføre restaureringsoppdrag der vi samstundes gjev tilbod om kurs i sentrale handverksteknikkar og materialkunnskap for oppdragsgjevar og andre interesserte.

 

VKA tok initiativet til å opprette eit bygningsvernsenter for den vestnorske byggeskikken hausten 2013. Etter eit lengre forarbeid vart senteret opna i desember 2014. Dei sentrale samarbeidspartnarar har vore og er Byggmeisterforbundet Voss/Hardanger, region Vest og fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune. Desse er også representerte i styringsgruppa for senteret, som i tillegg har representantar frå musea i området og frå Universitetet i Bergen. Styreleiaren ved VKA er leiar av styringsgruppa.

 

Du treff Erik Aakre, som er dagleg leiar for BVS, på tlf 907 47 453 (kl 7-15), eller på epost

 

Her er eitt av prosjekta våre: 

 

Krigsminnet Botnahytta frå 1940/41 har forfalle dei siste åra, men er no sett i stand att. Botnahytta er ikkje svært gammal, men er tømra med gamal lafteteknikk. Les meir...

bottom of page