

MøreTyri – naturleg trebehandling
Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger (BVS) er no lokal leverandør og utsalsstad for MøreTyri sine olje- og tjæreprodukt til trebehandling og trebeskyttelse. Produkta til MøreTyri inneheld fin tretjære framstilt av gamal tyrirot ved hjelp av moderne teknikk, blanda med andre naturprodukt som er nøye tilpassa ulike bruksområde innan trebehandling. Utvendig leverer vi produkt som tjærebeis, terrasseolje, tømmerolje, linoljemåling og båtolje. Til innvendig bruk har vi Tyrill Interiørolje, som er veleigna både som golvolje, veggolje og interiørolje.
Vi tilbyr mange fargeval på våre produkt, som dekkjer behov frå førstegangsbehandling, til gamle, slitte treoverflater.
Det kjem meir informasjon om produkta her om ikkje så lenge. Førebels finn ein info på produsenten si nettside www.møretyri.no. Ta gjerne kontakt med BVS på 907 47 453 for prisar og andre opplysningar.