
Skimakarkurs 15.-18. februar
Lag dine heilt eigne ski i heiltre! Kurset tek føre seg historisk og praktisk innføring i skimakartradisjonen. Med enkle handverkty, som sag, øks og høvel, lærar du å lage terrengski til bruk i laussnø.
Kursavgift
Kurset kostar kr. 4.200,-. I tillegg kjem utgifter til material og til eit par ski.
Maks 10 deltakarar.
Dato
Torsdag 15., fredag 16., laurdag 17. og sundag 18. februar 2018.
Stad
Kurset held til i snikkarverkstaden i Trebua på Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen, Voss. Du finn Trebua i det raude huset ved sida av det gule huset på Vestnorsk kulturakademi, Magasinvegen 26.
Innhald
Kurset tek føre seg historisk og praktisk innføring i skimakartradisjonen. Med enkle handverkty, som sag, øks og høvel, lærar du å lage terrengski til bruk i laussnø. For å lage eit par gode ski treng ein gode emne, kvast verkty og arbeidslyst. På kurset lærar du å velje gode emne og å setje opp eggverkty, og blir vonleg inspirert til arbeidslyst.
Kurslengde
30 timar fordelt på ei langhelg, frå torsdag til sundag.
Kursleiar
Kursleiar er skimakar Thomas Aslaksby
Påmelding
Klikk på Nettbutikk og finn kurset der for å melde deg på kurset. Vel kurset og legg det i handlekorga, så betalar du for kurset. Du kan og sende ein e-post med påmelding til post@kulturakademi.no.
Frist for påmelding: 1. februar
Kursvilkår
Kurset vert gjennomført om det er 6 eller fleire deltakarar, maks 10. Du får melding om kurset vert køyrt eller ikkje ei veke før kursstart. Innbetaling av kurset skjer på førehand, og seinast ei veke på førehand. Avlyser du kurset etter den tid, betalar du full kursavgift.